Norsk

Rondanevegen

Nasjonal turistveg Rondane

  • Om Rondanevegen
    • Rondane og Dovre nasjonalparker
    • Alvdal kommune
    • Folldal kommune
    • Ringebu kommune
    • Stor-Elvdal kommune
  • Nyheter
  • Tips
  • Planlegg reisen
  • Kalender
  • Kontakt
  • Overnatting
  • Mat og drikke
  • Aktiviteter
    • Sykkel
    • Kano
    • Fiske
    • Vinter
    • Turstier
    • Ridning
  • Attraksjoner
  • Håndverk
  • Matproduksjon
  • Service / tjenester

Strømbu rasteplass

5. juni 2015 By Rondane

StrombuRasteplass-01

Strømbu rasteplass ligg i Atndalen i Folldal kommune. Rondane rast og info er eigd og vert driven av oss som bur i Nord-Atndalen, og du finn oss på Strømbu rasteplass. Strømbu er vegvesenet sitt signalanlegg ved Rondanevegen. Strømbu rasteplass vart designa av Carl-Viggo Hølmebakk og opna i 2008.

Takterrassen har benkar og sitteplassar og flott utsikt til toppane i Rondane, til elva og til eit landskap du kan lese tydelege istidsspor i. Inne finn du turistinformasjon, kiosk, lokal bakst og handverk, varmestue med peis og spektakulær utsikt gjennom panoramavindauge. Romslege og HC-venlege toalett er plassert i ein bygning for seg. Du er velkommen til å spørje oss om alle tilbod om fot- og sykkelturar, overnatting, spisestader eller berre etter vegen vidare.

Rasteplassen er eit flott utgangspunkt for turar både i Rondane og Alvdal Vestfjell. Gangtid til Bjørnhollia turisthytte i Rondane er ca. 2 timar og til Rondvassbu 6 timar. Til Breisjøseter turisthytte i øst er det ca. 9 timar å gå.

Kanoutleige

Atna renn roleg forbi rasteplassen og er svært familievenleg. Langs elva er det mange fine stader for ein liten rast eller telting for natta. Vi ordnar med bilskyss og transport av kanoar, og kan tilby eit kort kanokurs.

PRIS kr 400,- for eitt døgn og 200,- for neste døgn. Denne pakka inneheld 1 kano, årer og flytevest samt retur av kanoar.

Sykkelutleige

Atndalsvegen Fv 27 er godt eigna for sykkeltur. I tillegg finn du mange fjellvegar og stigar som er fine å sykle på. I kiosken på Strømbu får du eit kart og råd med på vegen.

PRIS kr 200,- for eitt døgn og 150,- for neste døgn. Denne pakka inneheld 1 sykkel, hjelm og refleksvest. Sykkelen skal normalt leverast attende på Strømbu.

Tursti – Strømburunden

I samarbeid med Turistvegseksjonen hos Statens vegvesen er det oppretta fleire turstigar med utgangspunkt i Strømbu rasteplass. Dette er tre flotte turar med ulik lengde og noko forskjellig krav til form! Spør etter turkartet i kiosken på Strømbu eller last det ned her: Strømbu-runden

Åpningstider 2025

Kl. 10-17 20. juni til 20. august.


© Foto: Roger Ellingsen/Statens Vegvesen og Rune Nilsson/Statens Vegvesen


Kontakt Strømbu rasteplass

2580 Folldal
Telefon: +47 941 60 954
E-post: straumbu@gmail.com
Webside: Nasjonaleturistveger.no

Nordisk Friluftskompani

Kommentarer

kommentarer

Filed Under: Attraksjoner, Folldal, Kano, Service/tjenester, Sykkel, Turstier

Følg oss i sosiale medier

Facebookinstagram

Rondanevegen

  • Overnatting
  • Mat og drikke
  • Aktiviteter
    • Sykkel
    • Kano
    • Fiske
    • Vinter
    • Turstier
    • Ridning
  • Attraksjoner
  • Håndverk
  • Matproduksjon
  • Service / tjenester

Kommende arrangement

Langs Rondanevegen

aktiviteter Amperhaugen Berg Gård Bergseng Seter Besøkssenter villrein Einunndalen Fallet Nordre Fjellsyn camping Folldal Gruver Folldal Sykkelmekka Gjelten Bru Camping Gruvekroa Joker Folldal Kvebergsøya Kvistli Islandshester NAF Lokalkjent Nedre Dørålseter Turisthytte Norsk Villreinsenter Nord Rondane River Lodge seterdal Solhaug Camping Sollia kirke Sollia Krigshistoriske Museum Sollia Prestegård Spidsbergseter Resort Rondane Stadsbuøyen hytteutleie Stolpejakten Trabelia Hyttegrend & Camping Venabu Fjellhotell viewpoint SNØHETTA Vinter Øverdalssetra

Rondanevegen

Rondanevegens medlemsbedrifter langs Nasjonal turistveg Rondane og tilførselsveiene fra Ringebu, Atna, Hjerkinn og Alvdal tilbyr overnatting, aktiviteter, servering, aktiviteter, attraksjoner, lokalt håndverk, lokal matproduksjon, service og tjenester.

Litt av hvert

Digital reisetjeneste

Lokalkjent-logo

Rondanevegens lokalbank

   Joker Folldal

 

Olavsrosa

Olavsrosa er tegn på «kulturopplevingar utanom det vanlege» og tildeles fra Stiftelsen Norsk Kulturarv. Våre medlemmer Amperhaugen, Kvebergsøya, Folldal Gruver og Bergseng Seter har mottatt dette kvalitetsmerket.

Følg oss i sosiale medier

Facebookinstagram

Copyright © 2026 Rondanevegen · Branding: Ingelin Aabø · Visuell identitet/web: Lotte Thori Løvstad · Genesis Theme